LAGERTØMING! Du får 50% på alle varer så lenge lageret rekk. Når oktober er over, stenger striik dørene.
Epsom salt (magnesiumsulfat) 1 kg

Epsom salt (magnesiumsulfat) 1 kg

La Drogerie Ecologique

Pris 109,00 kr TILBOD

Epsomsalt er eit svært allsidig produkt som kan brukast til alt frå badesalt til plantenæring. Eigentleg er det ikkje eit salt, men eit mineral sett saman av magnesium og sulfat.

Magnesiumsulfat seiast å ha fleire positive effektar på kroppen. Mellom anna desse:

  • reduserer stress og roar kroppen
  • hjelper musklar og nervar å slappe av og fungere betre
  • betrar sømn
  • lindrar hovudverk og migrene
  • reduserer muskelkramper og betrar opptak av oksygen
  • reduserer inflammasjon og er smertedempande
  • reinsar ut slaggstoff og giftstoff
  • hjelper til med å betre opptaket av næringsstoff
  • reinsar huda

Tips til bruk

Eigenpleie

  • Avstressande kroppsbad: Tilset ein kopp epsomsalt i badevatnet og legg deg i badekaret i minimum 20 minutt. Fungerer også på verkande musklar.
  • Avstressande fotbad: Tilset 50 g epsomsalt i ein balje med varmt vatn.
  • Fjerne flis frå fingeren – bløytlegg fingeren din i konsentrert epsom saltvatn for å trekke ut flisa.
  • Kroppsskrubb: Bland epsomsalt med honning eller ein olje (t.d. kokosolje, mandelolje eller olivenolje). Skrub huda for å fjerne døde hudceller og gjere huda mjuk.
  • Treg mage: Tilset 1 ts epsomsalt i eit glas vatn og drikk for å få magen i gong att.

DIY ingrediens:

  • Lag din eigen saltvatnspray for å få tekstur og volum i håret ditt.
  • Ansiktsvask: tilset ei klype epsomsalt til din vanlege ansiktsrens.
  • Kløande hud, insektsbitt og lettere solbrent hud: Løys opp 1 ss i ein halv kopp med vann. Påfør huda.

Hage:

  • Tilset ei spiseskei epsomsalt i jorda under ei tomatplante for å styrke veksten.
  • Hjelp husplantene med å vekse ved å tilsetje et par spiseskeier med epsomsalt i vatnet når du vatnar.
  • Bli kvitt sneglane ved å strø epsomsalt i hagen.

    Miljøgevinst
    Erstatt ei mengde miljøskadelege og emballasjekrevjande produkt med epsomsalt.

    Oppbevaring
    I lukka boks på ein mørk og sval stad.

    Resirkulering
    Pappsylinderen skal i papirgjenvinninga, og plastlokket skal i plastgjenvinninga.

    Emballasje
    Pappsylinder med plastlokk.

    Leverandøren sender varene i pappkasser utan fyllstoff på ein palle pakka i plastfolie. striik resirkulerer plasten og bruker pappkassene om att. 

    Når du handlar hos striik, kan du vere trygg på at du mottek pakken din i 100% plastfri og resirkulerbar emballasje.

    Produsent
    La Drogerie Ecologique fører vanlege og fleirbruksingrediensar laga av naturlege, økologiske materiale. Dei har eit sterkt miljøengasement, og jobbar for å ha eit så lite karbonavtrykk som mogleg. Produkta deira kjem frå Frankrike og Vest-Europa.