På grunn av sommarferie vert bestillingar som kjem inn i veke 26, 27 og 28 pakka og sende i løpet av veke 29. Takk for forståinga.

FRAKT

Her kjem litt informasjon om kva som skjer med bestillinga di etter at du har sendt den inn til striik.

Lokale kundar kan hente varene i Ulvestadvegen 30, 6133 LAUVSTAD. Det vil seie at alle som fer forbi Lauvstad innimellom, kan avtale eit tidspunkt for å hente pakken her. Vel då alternativet "Hente pakken på 6133 Lauvstad".

For alle andre nettkundar nyttar striik seg av Posten Noreg til utsending av bestillingar. Nettbutikken nyttar Posten sine satsar til å rekne ut frakt etter vekta på bestillinga. Dei minste bestillingane vert sende som brev, og kostar enten 50 eller 120 kroner, alt etter storleiken på pakken. Veg pakken din meir enn 1 kg, vert den sendt som Norgespakke til 149 kroner.

Sidan eg jobbar med nettbutikken ved sidan av lærarjobben, er det ikkje alle dagar eg får sendt ut bestillingar. Bestillingar som kjem inn søndag, måndag eller tysdag, vert pakka onsdag. Elles vert bestillingar pakka den dagen eller dagen etter dei er komne inn til nettbutikken. Unnatak kan hende.

Pakkane går stort sett med posten dagen etter dei er pakka og innleverte i post i butikk, sidan posten på desse avsides kantar går allereie 1030 på føremiddag. Det er sjeldan eg rekk å levere inn pakkar før det - difor går dei 1030 neste verkedag. Sjølve postgongen kan ta tre til fem verkedagar, men eg har omtrent ikkje opplevd at det har teke meir enn fem dagar.

Handlar du for over 1000 kroner, får du gratis frakt.

Takk for at du vel å handle på striik.no! Eg håpar du er nøgd!

Kristi