På grunn av sommarferie vert bestillingar som kjem inn i veke 26, 27 og 28 pakka og sende i løpet av veke 29. Takk for forståinga.

Bolletrekk utan bivoks, EKSTRA STORT

The Edgy Moose Designs

Pris 170,00 kr 140,00 kr TILBOD

Erstatt plastfolien med bolletrekk av ubleika bomull. Dette trekket har teksten "Life is either a daring adventure or nothing at all" med svart, grønt eller rosa trykk. Ekstra stor storleik: 30 cm i diameter. 

Dette trekket passar fint til den store bakebollen! Trekka held seg på plass rundt bollen ved hjelp av eit isydd strikk rundt kanten.

Dei ubehandla bolletrekka passar godt når du skal:

- Dekke til gjærdeigen når du bakar.
- Dekke til kombochaen eller liknande.
- Halde insekta unna maten når du skal ete utandørs.
- Dekke til maten du skal ha med til ein ven.
- Lagre matrestar i kjøleskapet over natta.

Berre fantasien set grenser! Kven treng vel plastfolie når ein har bolletrekk?

Tips til vedlikehald
Vask i vaskemaskin med eit mildt vaskemiddel. Heng til tørk.

Resirkulering
Fretex og Uff tek i mot tekstilar for materialgjenvinning. Hugs at tekstil aldri skal i restavfallet.

Emballasje
Sikkerheitsnål og merkelapp av papp. The Edgy Moose sender bolletrekka i ei pappkasse utan noko fyllstoff. Når du handlar med striik er du uansett trygg på å motta pakken i 100% plastfri og resirkulerbar emballasje.

Produsent
The Edgy Moose Designs er eit lite enkeltpersonføretak som held til i Britisk Colombia, Canada. Alle bolletrekka er trykte og sydde for hand av kreative og dyktige Rouve Hembling.