På grunn av sommarferie vert bestillingar som kjem inn i veke 26, 27 og 28 pakka og sende i løpet av veke 29. Takk for forståinga.

Campingsåpe

Saga Natursåpe

Pris 60,00 kr TILBOD

Dette er den perfekte tursåpa, enten du skal på campingplassen eller til fjells. Den inneheld talg, kokosolje og rosmarinekstrakt.

Denne såpa er hard og god, og den eignar seg like godt til klesvask som til kroppsvask. Prøv den på kragane på lyse klede, til dømes bunadsskjorta, og sjå at den gjer susen! Den fungerer også heilt supert til flekkar på møblar, teppe og liknande. 

Såpene frå Saga Natursåpe er heilt fri for mineralolje (petroleumsprodukt) som er vanleg i kommersielle såper. Dei inneheld heller ikkje paraben eller andre kunstige tilsetningsstoff.

Vekt: om lag 100 g

Tips til vedlikehald
Såpa bør ligge på eit drenerande underlag, til dømes ei såpeskål eller ein svamp, slik at den får tørke og kvile seg litt mellom kvar bruk.

Emballasje
Såpa har eit magebelte av papir med ein liten tapebit av plast. Når du handlar hos striik, kan du vere trygg på at du mottek pakken din i 100% plastfri og resirkulerbar emballasje.

Produsent
Saga Natursåpe er ein småskala verkstad i Sandefjord som produserer handlaga såper og salvar basert på naturlige råstoff.