I heile september får du 20% rabatt på alle varer frå Klean Kanteen!

Tåteflaske BABY 267 ml, børsta stål

Kid Kanteen

Pris 269,00 kr TILBOD

Ei slitesterk og trygg tåteflaske for dei alle minste. Flaska er av 18/8 rustfritt stål og er fri BPA, bly, ftalat og andre giftstoff. Smokken er laga av medisinsk silikon og har eit medium hol som gir middels mjølkeflyt. Passar godt for born frå 6 månader. Innhaldet i flaska kjem aldri i kontakt med plasttingen som held smokken på plass.

Produkta til Klean Kanteen er produsert av resirkulerbart, rustfritt høgkvalitetsstål. Dei er produserte under verdige forhold og for ei rettferdig løn i Kina.

Les gjerne meir om produksjonen her.

Vekt:  115 g
Volum: 267 ml

Tips til bruk
Brukast som ei heilt vanleg tåteflaske. Tåteflaskene frå Klean Kanteen har vid opning som gjer den lett å fylle opp. Dei er også forma for å passe til små hender som vil halde flaska sjølv. Smokken er forma så nært den naturlege forma som mogleg for at det skal vere lett å drikke. Utforminga skal støtte oral utvikling og dei doble ventilane skal forhindre luft i magen. Vil du frakte flaska med innhald, kan det vere lurt å ha denne flaskekorken.

Tips til vedlikehald
Tåteflaskene frå Klean Kanteen har vid opning som gjer den lett å vaske. Vask gjerne både flakse og smokk i oppvaskmaskin.

Resirkulering
Skulle flaska verte øydelagd, kan den leverast inn på ein gjenvinningsstasjon som skrapmetall. Den skal ikkje i dunken for metallemballasje.

Emballasje
striik importerer produkta til Klean Kanteen frå Nordic Eko i Sverige og dei kjem i pappkasser med fyllstoff av kraftpapir. Kassene var også surra i plast som eg har levert til attvinning. 

Når du handlar hos striik, kan du vere trygg på at du mottek pakken din i 100% plastfri og resirkulerbar emballasje.

Produsent
Klean Kanteen® er ei familieeigd bedrift med hovudkvarter i California, USA. Sidan 2004 har dei produsert rust- og BPA-fri alternativ til eingongskoppar og -plastflasker. Dei er svært opptekne av etikk og rettferdige arbeidsforhold. I tillegg gjer dei alt dei kan for å hindre at eingongsavfall skal øydelegge jorda.