I heile september får du 20% rabatt på alle varer frå Klean Kanteen!
Drikkeflaske CLASSIC SPORT 532 ml, shale black

Drikkeflaske CLASSIC SPORT 532 ml, shale black

Klean Kanteen

Pris 228,00 kr TILBOD

Ei svært slitesterk og vakker drikkeflaske av stål som varer livet ut! Denne flaska er farga med Klean Coat - svært slitesterk og utan ingrediensar som er farlege for menneske og miljø. Flaska kjem i fleire fargar.

Sportstuten er laga av plast og silikon. Sjølve drikketuten er av silikon og er svært god å drikke av.

Produkta til Klean Kanteen er produsert av resirkulerbart, rustfritt høgkvalitetsstål. Dei er produserte under verdige forhold og for ei rettferdig løn i Kina.

Les gjerne meir om produksjonen her.

Vekt: 200 g
Volum: 532 ml

Tips til bruk
Denne flaska passar til alle situasjonar -  den eignar seg like godt på tur i skog og mark som på jobb, skule eller barnehage. Berre fyll den med den drikka du vil, og pakk den ned i sekken. Sportstuten gjer det lett å drikke på farten. Berre pass på å lukke den godt om den skal ned i sekken.

Miljøgevinst
Når du byter frå eingongsflasker til ei gjenbrukbar flaske som du kan bruke livet ut, sparer du verda for store mengder avfall og utslepp av miljøskadelege kjemikalie og fossil CO2. Ein bonus er at det ser mykje tøffare ut med stålflaske enn med plastflaske.

Kvart minutt vert det kjøpt ein million eingongsplastflasker, og mellom 5 og 13 millionar tonn plastavfall hamnar årleg i havet. Plast er knytt til fleire ulike miljøproblem: auka drivhuseffekt, overgjødsling, forureining, miljøutslepp og forsøpling. Dei fleste av desse miljøeffektene er knytte både til produksjon og avfallshandasaming. Plastavfall som hamnar i naturen kan medføre skade på både store og små dyr. Miljøskadelege kjemikalie kan leke ut av plasten, men den kan også ta opp giftstoff frå havet og verte endå giftigare enn i utgangspunktet. Det same er tilfelle når plasten endar opp på avfallsdeponi. Forbrenning av oljebasert plast inneber utslepp av fossil CO2 og danning av farleg avfall.

Les her og her for meir informasjon.

Tips til vedlikehald
Stålflaskene er enkle å reingjere. Bruk gjerne ei flaskebørste saman med litt mildt såpevatn i ny og ne. Både falska og sportstuten tåler oppvaskmaskin, men fargen vert raskare sliten ved hyppig maskinvask. Tenk miljø - vask flaska sjeldan.

Resirkulering
Skulle flaska verte øydelagd, kan den leverast inn på ein gjenvinningsstasjon som skrapmetall. Den skal ikkje i dunken for metallemballasje.

Emballasje
striik importerer produkta til Klean Kanteen frå Nordic Eko i Sverige og dei kjem i pappkasser med fyllstoff av kraftpapir. Kassene var også surra i plast som eg har levert til attvinning. 

Når du handlar hos striik, kan du vere trygg på at du mottek pakken din i 100% plastfri og resirkulerbar emballasje.

Produsent
Klean Kanteen® er ei familieeigd bedrift med hovudkvarter i California, USA. Sidan 2004 har dei produsert rust- og BPA-fri alternativ til eingongskoppar og -plastflasker. Dei er svært opptekne av etikk og rettferdige arbeidsforhold. I tillegg gjer dei alt dei kan for å hindre at eingongsavfall skal øydelegge jorda.