I heile september får du 20% rabatt på alle varer frå Klean Kanteen!

Drikkeflaske WIDE ISOLERT 355 ml, mineral red

Klean Kanteen

Pris 349,00 kr TILBOD

Ein superkul flaske/termokopp med lekkasjesikker kafékork. Denne koppen kan du altså legge i veska utan å vere redd for å søle. Koppen kjem også i fargar.

Produkta til Klean Kanteen er produsert av resirkulerbart, rustfritt høgkvalitetsstål. Dei er produserte under verdige forhold og for ei rettferdig løn i Kina.

Les gjerne meir om produksjonen her.

Vekt: 266 g
Volum: 355 ml

Tips til bruk
Denne koppen passar til alle situasjonar -  den eignar seg like godt på tur i skog og mark som på jobb, skule eller barnehage. Når koppen er full og i romtemperatur held den drikka varm i opptil 10 timar og kald i opptil 30!

Tips til vedlikehald
Termokoppane er enkle å reingjere. Bruk gjerne ei flaskebørste saman med litt mildt såpevatn i ny og ne. Både koppen og kafékorken toler oppvaskmaskin, men isolerte koppar og flasker har best av handvask. Tenk miljø - skyll koppen i kaldt vatn oftare enn du vaskar den i varmt.

Miljøgevinst
Når du byter frå eingongskoppar til  gjenbrukbar kopp som du kan bruke livet ut, sparer du verda for store mengder avfall og utslepp av miljøskadelege kjemikalie og fossil CO2. I tillegg er termokopp mykje kulare enn pappkopp!

Resirkulering
Skulle koppen verte øydelagd, kan den leverast inn på ein gjenvinningsstasjon som skrapmetall. Den skal ikkje i dunken for metallemballasje.

Emballasje
striik importerer produkta til Klean Kanteen frå Nordic Eko i Sverige og dei kjem i pappkasser med fyllstoff av kraftpapir. Kassene var også surra i plast som eg har levert til attvinning.

Når du handlar hos striik, kan du vere trygg på at du mottek pakken din i 100% plastfri og resirkulerbar emballasje.

Produsent
Klean Kanteen® er ei familieeigd bedrift med hovudkvarter i California, USA. Sidan 2004 har dei produsert rust- og BPA-fri alternativ til eingongskoppar og -plastflasker. Dei er svært opptekne av etikk og rettferdige arbeidsforhold. I tillegg gjer dei alt dei kan for å hindre at eingongsavfall skal øydelegge jorda.