LAGERTØMING! Du får 50% på alle varer så lenge lageret rekk. Når oktober er over, stenger striik dørene.

Tannbørste av bambus for barn, Hydrophil

Hydrophil

Pris 50,00 kr TILBOD

Tannbørste av bambus, BPA-fri nylon-6 og vannbasert farge.

Til barn frå tre år og oppover.

Bambus vert sett som ein svært berekraftig ressurs på grunn av at den veks raskt og i mange ulike klima. Etter berre åtte til ti veker har bambusen nådd si fulle lengde, og den er fullvaksen etter tre til fem år. På grunn av at bambus er ein type gras, kan ein hauste av den kontinuerleg. I tillegg har bambusproduksjonen eit svært lavt forbruk av vatn og ingen behov for plantevernmiddel. 

Vekt: 8 g
Lengde: 15 cm

Miljøgevinst
Kvart år hamnar åtte millionar tonn plastsøppel i havet (WWF Noreg). Åtti prosent av alt havsøppelet stammar frå landjorda, og både enkeltpersonar og bedrifter kan ta ansvar for å hindre at meir avfall kjem på avveie. Verda må i framtida slutte å bruke plast, og mange plastprodukt kan allereie erstattast av fornybare og nedbrytbare materiale. Ein bambustannbørste kan vere eit viktig første steg mot ein meir miljøvenleg livsstil.

Bruk
Produsenten tilrår å byte tannbørste kvar tredje månad.

Resirkulering
Skaftet er laga av 100% nedbrytbar bambus, så det kan du kompostere, brenne eller grave ned. Sidan busten er laga av nylon-4, er ikkje den nedbrytbar. Knekk hovudet av tannbørsten, eller trekk ut busten med ei tang. Kast busten i restavfallet.

Emballasje
Tannbørsten kjem i ein liten kartong av resirkulert og 100% nedbrytbart papir. Sjølve tannbørsten ligg i ein liten papirpose.

Hydrophil sender varene til striik i 12pk-kartongar pakka i pappøskjer med teip og fyllmateriale av gjenbrukt kartong.

Når du handlar hos striik, kan du vere trygg på at du mottek pakken din i 100% plastfri og resirkulerbar emballasje.

Produsent
Hydrophil vart etablert i 2013 i Hamburg, Tyskland. Bedriften består av ein venegjeng som deler ein felles kjærleik for vatn, derav namnet Hydrophil som betyr vannelskande. Hydrophil har eit brennande engasjement for naturen, og ynskjer å bruke og forureine så lite vatn som mogleg i produksjonen av sine produkt. Nettopp difor vel dei bambus i produksjonen av tannbørstene sine.