LAGERTØMING! Du får 50% på alle varer så lenge lageret rekk. Når oktober er over, stenger striik dørene.
Sugerørlokk og stålsugerør med børste

Sugerørlokk og stålsugerør med børste

KleanKanteen

Pris 169,00 kr TILBOD

Eit sugerørsett som passar perfekt til termokoppane på 473 ml.

Pakken inneheld eit stålsugerør med silikontupp, eit sugerørlokk og ei vaskebørste til sugerøret.

Produkta til Klean Kanteen er produserte i Kina under verdige forhold og for ei rettferdig løn.

Les gjerne meir om produksjonen her.

Tips til bruk
Enten du drikk smoothie, juice, kombucha eller iskaffi, får du ei trygg, enkel og sølesikker oppleving! Berre fyll koppen, set på lokk og sugerør - og nyt! Ikkje bruk sugerør på varme drikkar. Lokket er ikkje lekkasjesikkert.

Tips til vedlikehald
Vask settet i litt eddikvatn eller mildt såpevatn før førstegangs bruk. Vask sugerøra med den tilhøyrande vaskebørsten og sett til tørk mellom kvart bruk. Lokket kan vaskast i øverste hylla i oppvaskmaskina, men treng ikkje vaskast mellom kvart bruk. Skyll lokket godt i kaldt vatn og legg til tørk.

Emballasje
striik importerer produkta til Klean Kanteen frå Nordic Eko i Sverige. 

Når du handlar hos striik, kan du vere trygg på at du mottek pakken din i 100% plastfri og resirkulerbar emballasje.

Produsent
Klean Kanteen® er ei familieeigd bedrift med hovudkvarter i California, USA. Sidan 2004 har dei produsert rust- og BPA-fri alternativ til eingongskoppar og -plastflasker. Dei er svært opptekne av etikk og rettferdige arbeidsforhold. I tillegg gjer dei alt dei kan for å hindre at eingongsavfall skal øydelegge jorda.