Sitronsyre

La Drogerie Ecologique

Pris 145,00 kr TILBOD

Sitronsyre er eit 100% nedbrytbart avkalkingsmiddel. Eit grunnleggande reingjeringsmiddel som alle burde ha i heimen!

Sitronsyre er ei svak organisk syre som er løyseleg i vatn. Den løyser opp rust og fjernar sopp, alger og mugg.

I planteverda er sitronsyre veldig vanleg. Du finn den i nesten all frukt, tre, sopp og til og med i tobakk. Sitronsaft inneheld mellom 5% og 7%. Sitronsyren speler ei viktig rolle for metabolismen til alle levande organismar. Menneskekroppen produserer omtrent 2 g sitronsyre per dag for så å bryte den ned igjen. 

Sitronsyre vert brukt i mange samanhengar. Det vert mellom anna brukt som konserveringsmiddel i matvarer, tilsetjingsstoff i kosmetikk og farmakologi og som syre i brus. Det er også ein framifrå antioksidant.

Produktet er produsert og pakka i Vest-Europa.

Tips til bruk
Sitronsyre har mange bruksområde. Her er nokre tips frå produsenten. Må ikkje brukast på emaljerte overflater, marmor, aluminium eller andre syresensitive overflater. Bruk med varsemd!

  • Generell overflatevask av krom, rustfritt stål, keramikk og plast. Løys opp 2-5 ss sitronsyre i 1 L varmt vatn. Gni overflaten med løysinga og vask forsiktig av.

  • Avkalking av kaffitraktar: Bland 1-2 ss sitronsyre med 1 liter vatn. Fyll traktaren med blandinga. Trakt omtrent ein kopp. La traktaren stå med resten av blandinga i 15-30 minutt og fullfør programmet. Køyr traktaren to gongar med rent vann.

  • Avkalking av vaskemaskin: Ha 6-8 ss sitronsyre i trommelen og køyr et 90°C program på tom maskin.

  • Avkalking av kraner, dusjhovud o.l.: Løys 2-5 ss sitronsyre i 1 L varmevatn. Skrubb dei forkalka områda eller legg dei i bløyt i ein halv dag.

  • Flekkete kaffikoppar o.l: Flekkete koppar, vasar o.l. vert reine ved hjelp av 1-2 ss sitronsyre saman med kokande vatn. Lat det verke i ca 30 minutt. Vask deretter som normalt.

  • Fastbrende matrestar: For å fjerne fastbrende matrestar i botnen av stålgryter blandar du 12 ss sitronsyre i ein kopp vatn. Ha blandinga i gryta og varm forsiktig opp i nokre minutt. Skyll eller vask så gryta som normalt.

  •  Mosefjernar:

    • 600 g sitronsyre
    • 150g natriumbikarbonat
    • 15 dråper eterisk olje (sitron, tee tre etc.)
    • 20 ml rapsolje eller lignende
    • 8 liter lunka vatn

    Bland land alle ingrediensane. Overflaten du skal behandle bør være tørr før du påfører løysinga. Lat verke i 2-3 regnfrie dagar. Løysinga skal tørke ut mosen i løpet av nokre dagar. Mosen vil så kunne forsvinne av seg sjølv ved neste regnskyll. Du kan eventuelt koste den vekk.

  • Rustfjernar: Bland vatn og sitronsyre i eit forhold på 1/10 slik at du får ei 10% løysing. Legg den rustne gjenstanden i løysinga over natten. Det vil skje ein kjemisk reaksjon mellom rusten og sitronsyren som omdannar rusten til eit fargelaust stoff som forsvinn.

    Miljøgevinst
    Sitronsyre er laga av rå plantemateriale (melasse) og er dermed er det hundre prosent nedbrytbart i naturen. Det er vist gjennom ein OECD-test. 

    Pakken sitronsyren kjem i er så stor at vi kan kalle den ei økonomipakning. Du sparer både pengar og emballasje på å kjøpe denne framfor mindre pakkar sitronsyre. I tillegg sparer du ein heil haug anna emballasje når du lagar reingjeringsprodukta sjølv. Det igjen sparer råvarer og utslepp av CO2.

    Produksjonen av dette produktet har eit så lite karbonavtrykk som mogleg.

    Oppbevaring
    I lukka pose på ein mørk og kjølig stad ute av barns rekkevidde.

    Resirkulering
    Posen gjenvinnast som papir. Du kan også bruke den om att.

    Emballasje
    Pose av kraftpapir.

    Leverandøren sender varene i pappkasser utan fyllstoff på ein palle pakka i plastfolie. striik resirkulerer plasten og bruker pappkassene om att. 

    Når du handlar hos striik, kan du vere trygg på at du mottek pakken din i 100% plastfri og resirkulerbar emballasje.

    Produsent
    La Drogerie Ecologique fører vanlege og fleirbruksingrediensar laga av naturlege, økologiske materiale. Dei har eit sterkt miljøengasement, og jobbar for å ha eit så lite karbonavtrykk som mogleg. Produkta deira kjem frå Frankrike og Vest-Europa.