På grunn av sommarferie vert bestillingar som kjem inn i veke 26, 27 og 28 pakka og sende i løpet av veke 29. Takk for forståinga.

Oppvaskbørste i tre

Iris Hantverk

Pris 60,00 kr TILBOD

Hundre prosent plastfri oppvaskbørste laga av bøk og hestetagl. Hestetagl er eit mjukt og skånsamt materiale som vaskar reint utan å lage riper. Når børstehovudet er utslitt, byter du det ut med eit nytt og tek vare på skaftet.

Vekt: 94 g
Lengde: 23 cm
Breidde: 4 cm
Høgde: 4,5 cm

Tips til vedlikehald
Skyll børsten etter bruk og la den tørke hengande eller ståande i eit glas. Smør inn skaftet med litt matolje ein gang i blant. For å få børstehovudet til å vare lenger, kan du gre det med ein gaffel i ny og ne. På den måten unngår du at håra tovar seg, og du slepp å skifte ut børstehovudet så ofte.

Emballasje
Iris Hantverk sender børstene til striik samla ti og ti i ein tynn plastpose. Når du handlar med striik, kan du vere trygg på å motta pakken heilt utan plast.

Produsent
Iris Hantverk produserer handlaga kvalitetsbørster til alle føremål. Dei har tretten tilsette. Børstebinderiet på Sandsborgsvägen i Enskede (Sverige) er grunnlaget for drifta. Der jobbar fem synshemma handverkarar frå ulike kulturar. Dei lagar børster etter gamle handverkstradisjonar. Iris Hantverk samarbeider også med synshemma handverkarar i Estland. Oppvaskbørsten er maskinprodusert.