Natron (natriumbikarbonat), teknisk grad

La Drogerie Ecologique

Pris 40,00 kr TILBOD

Natron kan erstatte ei mengde produkt i heimen, og er hovudingrediensen i mange DIY-produkt. Den speler ei nøkkelrolle i eit avfallsfritt liv. Natron av tekninsk grad er IKKJE GODKJEND til bruk i mat eller i DIY-kosmetikk.

Inneheld 99,46% natriumbikarbonat (NaHCO3).

Natron, eller natriumbikarbonat, er eit allsidig produkt, og lista over moglege bruksområde er lang. Difor kan natron erstatte ei mengde hushaldningsprodukt. Du kan spare mykje på å slutte med dyre luftfriskarar, vaskemiddel, mjukgjerarar, kalkfjernarar og andre spesifiserte produkt, og erstatte dei med natron.

Natron er vannløyseleg, mildt slipande og mildt alkalisk med ein PH-verdi mellom 8 og 8,5. Det er ikkje brennbart.

Produktet er produsert og pakka i Vest-Europa.

Tips til bruk
Her finn du mange tips frå produsenten. Sjå oppskriftsbloggen for å lære om korleis du kan bruke natron i DIY-produkt.

  • Overflatevask:
    Natron kan brukast til å vaske dei fleste overflater unnateke aluminium. Dryss litt natron over der du vil vaske, skrubb forsiktig med ei fuktig svamp og tørk til slutt med ein fuktig klut.

  • I oppvaskmaskinen: 
    Før du startar forvasksyklusen, kan du drysse rikeleg med natron over oppvasken. Då unngår du ubehageleg lukt, og du treng mindre oppvaskmiddel.

    For å gjere ditt vanlege oppvaskmiddel meir effektivt kan du tilsetje 2 ss natron i maskinen undervegs i vaskeprogrammet.

  • Til oppvask for hand: 
    Bland kvit eddik og natron med vatn. På vanskelege kaffiflekkar kan du skrubbe med ein svamp dynka i natron.

  • Til vask av tekstilar (må ikkje brukast på ull eller silke):
    Tøymjuknar: Bruk 1/4 glas natron og 3/4 glass vann og ha i skyljemiddelskuffen på vaskemaskinen.

    Flekkfjernar: Legg det flekkete plagget i ein balje med varmt vatn blanda med eit glas natron. Lat verke i om lag 3 timar. Skyl plagget litt før du legg det i maskinen og vaskar som normalt.

    Teppereins: For å vaske og fjerne lukt frå teppe eller sofa, kan du drysse over litt natron og gni det inn. Lat det verke i ein time før du støvsuger.

    Bleikemiddel: Bruk natron direkte i vasketrommelen på kvitvask. Dersom du bruker natron saman med økologiske vaskemiddel som såpenøtter, betrar du effekten på vaskemiddelet.

    Luktfjernar: Dersom du tilset 1-2 ss natron undervegs i vaskesyklusen får du fjerna lukt av til dømes klor frå badeklede. Dette vil også bidra til å friske opp fargane på kleda.

    Avkalking: Ved å køyre ein tom vask med 150 g natron ein gong i månaden kan du forhindre kalkoppbygging i vaskemaskinen. Oppvaskmaskiner, kaffitraktarar og liknande avkalkar du på same måte, berre med ei mindre, avpassa mengde natron.

  • Reingjering i huset:
    Golv: Bland 2 ss natron med 2 L varmt vatn for enkel og grei reingjering av golvet.

    Reingjering av krom, rustfritt stål, gull og sølv: Lag ein slags krem av natron og litt vatn. Smør på, lat verke ei lita stund og skyl av med varmt vatn. Polér til slutt.

    Reingjering av steikeomn: Lag ei tjukk blanding av natron og vatn. Smør innsida på steikeomnen og lat verke i 12 timar. Vask av med såpevatn og bruk til slutt reint vatn i fleire omgongar for å vaske vekk alle restar av blandinga.

    Skuremiddel: Ei tjukk blanding av natron og vatn kan brukast som skuremiddel på til dømes grillen eller oppvaskkummen. Bland omtrent 250 mL natron med 50 mL vatn og skur i veg! Skyll grundig med reint vatn til slutt.

  • Luktfjerning:
    Natron har vorte brukt til å fjerne vond lukt frå norske heimar i generasjonar. No er det på tide å gjenoppdage denne effektive luktfjernaren! 

    I kjøleskapet, omnen eller avfallsskapet: Set inn ei lita skål med natron over natta og merk forskjellen (dette kan du også gjere i kva rom som helst). Eventuelt kan du drysse natron på ein svamp, vaske den utsette staden med den, og til slutt vaske med reint vatn.

    I kattekassa: Dryss litt natron over kattekassa med jamne mellomrom for å nøytralisere vond lukt.

      Miljøgevinst
      Utvinninga av natron skjer på ein berekraftig måte frå ei nesten utømeleg kjelde. 

      Denne pakken går som økonomipakning. Du sparer både pengar og emballasje på å kjøpe denne framfor mindre pakkar natron. I tillegg sparer du ein heil haug anna emballasje når du slutter å kjøpe spesifiserte produkt og erstattar dei med natron. Det igjen sparer råvarer og utslepp av CO2.

      Produksjonen av dette produktet har eit så lite karbonavtrykk som mogleg.

      Oppbevaring
      I lukka pose på ein mørk og kjølig stad ute av rekkevidden til born.

      Resirkulering
      Posen gjenvinnast som papir. Du kan også bruke den om att.

      Emballasje
      Pose av kraftpapir.

      Leverandøren sender varene i pappkasser utan fyllstoff på ein palle pakka i plastfolie. striik resirkulerer plasten og bruker pappkassene om att. 

      Når du handlar hos striik, kan du vere trygg på at du mottek pakken din i 100% plastfri og resirkulerbar emballasje.

      Produsent
      La Drogerie Ecologique fører vanlege og fleirbruksingrediensar laga av naturlege, økologiske materiale. Dei har eit sterkt miljøengasement, og jobbar for å ha eit så lite karbonavtrykk som mogleg. Produkta deira kjem frå Frankrike og Vest-Europa.