Kaffifilter til traktar, 2-pk, storleik 4

Kaffifilter til traktar, 2-pk, storleik 4

CoffeeSock

Pris 190,00 kr TILBOD

Kaffifilter av GOTS-sertifisert økologisk bomull. Desse kan brukast om igjen i lange tider! Dersom du tek godt vare på filteret ditt, garanterer produsenten at det vil vare minst eitt år.

Bomullen absorberer noko av oljen frå kaffien, men let syren passere. Dette resulterer i ein rundt og rik smak på den ferdige kaffien.

Storleik 4 passar til alle standard kaffitraktarar.

Bruk
1. Før første gongs bruk bør filtera kokast i 10 minutt i reint vatn. Dette for å krympe og reingjere filteret.

2. Lag kaffi på vanleg måte.

3. Gjenbruk kaffigruten (sjå tips her) eller kast den i komposten. Skyll filteret grundig og klem ut vatnet.

4. Heng filteret til tørk.

Tips til vedlikehald
Omtrent kvar 6.-8. veke bør du koke filteret i reint vatn i 10 minutt for å reingjere det for kaffioljar som har hopa seg opp. Bruk gjerne litt bakepulver i kokevatnet for å betre eigenskapane til filteret.

Dersom du får anna mat/drikke på kaffifilteret bør du koke i 10 minutt for å unngå mugg. 

Resirkulering
Fretex eller Uff tek i mot reine, tørre tekstilar til materialgjenvinning. Hugs at tekstil aldri skal i restavfallet.

Emballasje
Det er eit lite papiromslag rundt dei to filtera i pakken. striik fekk filtera tilsendt frå ein norsk leverandør i ein konvolutt med bobleplast. Denne tek eg vare på for å bruke om att. Du kan vere trygg på at du mottek pakken din i 100% plastfri og resirkulerbar emballasje.

Produsent
CoffeeSock er ei familiebedrift frå Austin, Texas. Dei lagar alle kaffifiltera for hand og arbeidarane får ei rettferdig løn. CoffeeSock bruker økologisk bomull frå Texas, India og Pakistan, men dei jobbar mot å berre bruke Texas-produsert bomull på sikt. Det er ikkje mogleg per i dag.