JOCOkopp, 230 ml, 6 FARGAR

JOCOkopp, 230 ml, 6 FARGAR

JOCO

Pris 230,00 kr TILBOD

Liten.

Miljøvenleg og råkul ta-med-kopp av herda borsilikatglas av høg kvalitet. Lokket og magebeltet er laga av silikon. Koppen er lettvekt og solid så den tåler raske endringar i temperatur. Koppen kjem i standard take away-storleikar slik at baristaene kan fylle koppen din utan sure miner. Eller du kan trakte kaffien sjølv og ta med deg på farten.

Magebeltet av silikon held drikka di varm lenger, samstundes som den beskyttar fingrane dine mot varmen. Lokket er sølesikkert og har ei parktisk grop til nasen slik at det ikkje blir kræsj når du drikk. Koppen set ikkje smak på kaffien eller teen slik som papir- og plastkoppar gjer, så du kan nyte ein rein smak får ein nydeleg kopp! Den er sjølvsagt også heilt fri for bly, BPA og andre fæle kjemikalie du ikkje vil ha i kroppen.

Volum: 236 milliliter

Miljøgevinst
Årleg kjøper verdas befolkning over 500 milliardar eingongskoppar. Desse hamnar stort sett i søppelfyllingar ganske raskt etter at kaffien er i magen. Dette er med på å bruke opp naturressursar og auke CO2-utsleppa samstundes som den marine forsøplinga aukar. Ved å bytte til ein kopp du kan bruke livet ut, er du med på å redusere forsøpling og CO2-utslepp, og å ta vare på dei verdifulle naturressursane våre. Eg heier på deg!

Tips til vedlikehald
Jocokoppen tåler både microbølgeomn og oppvaskmaskin, så det er berre å vaske den på vanleg måte.

Emballasje
Koppen kjem i si eigen vesle pappsylinder som også kan fungere som etui når du skal ha med koppen i veska eller sekken. 

Når du handlar hos striik, kan du vere trygg på at du mottek pakken din i 100% plastfri og resirkulerbar emballasje.

Produsent
Joco er eit samfunn av samvitsfulle tenkjarar som har hovudkvarteret sitt på vestkysten av Australia. Dei har laga Jocokoppen sidan 2012 og applauderer valet ditt om å kutte ut eingangskoppen for godt.