LAGERTØMING! Du får 50% på alle varer så lenge lageret rekk. Når oktober er over, stenger striik dørene.

Goldi tåtesmokk 0+ mnd, 2pk

Goldi

Pris 70,00 kr TILBOD

Tåtesmokkar av 100% naturgummi og heilt fri for skadelege substansar. Smokken har eit lite hol og passar til tyntflytande drikke for born frå 0 månader, til KeepJar tåteflaskesett.

Naturgummien i desse tåtesmokkane oppfyller krava til EU-standarden EN 1400.

Emballasje
Tåtesmokkane kjem i ein liten plastpose. Gjer vel å sjå til at plastposen ikkje hamnar i naturen. striik mottok varene i ei pappøskje med plastteip. Leverandøren er i ferd med å gå over til bruk av papirteip.

Når du handlar hos striik, kan du vere trygg på at du mottek pakken din i 100% plastfri og resirkulerbar emballasje.

Produsent
Goldi Sauger er eit tysk firma som spesialiserer seg på produksjon av smokkar, tåtesmokkar og biteringar av 100% naturgummi. striik kjøper tåtesmokkane via KeepJar i Sverige.