På grunn av sommarferie vert bestillingar som kjem inn i veke 26, 27 og 28 pakka og sende i løpet av veke 29. Takk for forståinga.

Bolletrekk utan bivoks, STORT

The Edgy Moose Designs

Pris 140,00 kr TILBOD

Erstatt plastfolien med bolletrekk av ubleika bomull. Mørkeblått trykk.
Stort: 25 cm i diameter.

Desse nydelege bolletrekka er designa med utgangspunkt i forslag frå striik sine fantastiske kundar! Trekka held seg på plass rundt bollen ved hjelp av eit isydd strikk rundt kanten.

Dei ubehandla bolletrekka passar godt når du skal:

- Dekke til gjærdeigen når du bakar.
- Dekke til kombochaen eller liknande.
- Halde insekta unna maten når du skal ete utandørs.
- Dekke til maten du skal ha med til ein ven.
- Lagre matrestar i kjøleskapet over natta.

Berre fantasien set grenser! Kven treng vel plastfolie når ein har bolletrekk?

Tips til vedlikehald
Vask i vaskemaskin med eit mildt vaskemiddel. Heng til tørk.

Resirkulering
Fretex og Uff tek i mot tekstilar for materialgjenvinning. Hugs at tekstil aldri skal i restavfallet.

Emballasje
Sikkerheitsnål og merkelapp av papp. The Edgy Moose sender bolletrekka i ei pappkasse utan noko fyllstoff. Når du handlar med striik er du uansett trygg på å motta pakken i 100% plastfri og resirkulerbar emballasje.

Produsent
The Edgy Moose Designs er eit lite enkeltpersonføretak som held til i Britisk Colombia, Canada. Alle bolletrekka er trykte og sydde for hand av kreative og dyktige Rouve Hembling.