På grunn av sommarferie vert bestillingar som kjem inn i veke 26, 27 og 28 pakka og sende i løpet av veke 29. Takk for forståinga.
CleanCup menskopp

CleanCup menskopp

CleanCup

Pris 329,00 kr 175,00 kr TILBOD

CleanCup er den praktiske, miljøvenlege og økonomiske erstattinga for bind og tampongar. Dessutan er den litt ekstra snill: Når du kjøper ein, donerer CleanCup ein til nokon som treng det!

CleanCup menskopp er laga av medisinsk silikon og kjem i to storleikar:

  • Liten – for deg som ikkje har født barn, eller er under 25 år
  • Stor – for deg som har født barn, eller er over 25 år

Storleikane er kun rettleiande, og kva storleik som passar deg kjem an på kroppen din. Er du generelt stor, kan det hende den store er best, og er du lita, kan den vesle passe bra sjølv om du er over 25 år. Dersom du er usikker, går det an å kjøpe begge storleikane til ein rabattert pris.

Samanlikna med tampong, er menskopp eit sunnere alternativ for skjeden på fleire måtar. CleanCup har ein glatt overflate som det er vanskeleg for bakteriar å feste seg til. I staden for å absorbere mensvæsken slik ein tampong gjer, samlar menskoppen det opp. Menskoppen tørkar heller ikkje ut slimhinnene, og endrar ikkje det naturlege miljøet i underlivet. Det reduserer risikoen for soppinfeksjon.

CleanCup er gjenbrukbar, og med rett vedlikehald kan den vare i 10 år.

Ved kjøp av CleanCup menskopp får du med ein liten bomullspose til å oppbevare menskoppen i når den ikkje er i bruk.

Tips til bruk
Start alltid med å vaske hendene grundig, og klipp neglene dine dersom dei er lange.

Du set menskoppen inn omtrent på same måte som ein tampong, men i motsetjing til ein tampong, kan menskoppen beskytte i opp til 12 timar før du må tøme den. Når du tek ut og tømer menskoppen, bør du skylje den i varmt vatn før du set den inn igjen. Les meir om korleis du bruker menskopp i pakningsvedlegget.

Opninga på koppen er så stor at du er nøydd til å brette den når du skal føre den inn. Det finst mange måtar å brette ein menskopp på og det er opp til deg å finne den måten som fungerer best for deg. Her kan du lese om åtte ulike måtar. Når koppen er på plass må du sjekke om den har opna seg skikkeleg. Berre då held den seg på plass ved hjelp av eit lett vakuum, og berre då er den lekkasjesikker. Dette gjer du ved å føre fingeren forsiktig rundt menskoppen. Kjennest den rund, har den opna seg og er på plass. I starten er det alltid litt kluss så ver litt tolmodig med deg sjølv når du øver! Under finn du bilete av åtte ulike bretta og ein open menskopp.

Når du skal ta ut koppen, må du få tak i botnen av koppen og trykke den saman før du trekkjer den ut. Det gjer at vakumet losnar, og du kan fjerne koppen utan at det kjennest som om du dreg ut livmora i same slengen. Første gongen du skal ta ut menskoppen kan det hende du får litt panikk når du ikkje klarer det på første forsøk. Ikkje ver redd! Berre vent litt og prøv igjen etter ei stund. Alt vert lettare når du klarer å slappe av i muskulaturen, og tyngdekrafta hjelper også til. Og hugs: Øving gjer meister - også når det gjeld menskopp! Her kan du laste ned og skrive ut pakningsvedlegget.

Miljøgevinst
Det er to miljøbelastande delar i syklusen til eingongsprodukt – produksjonsfasen og avfallshandsaminga. Bind og tampongar inneheld hovudsakleg plast og bomull.

Produksjonen av plasten som er brukt i bind og tampongar krev store mengder fossil energi, og står for store klimagassutslepp. I tillegg hamnar mykje av verdas bind og tampongar i havet der dei utgjer ein stor trussel saman med anna plastavfall. Langs den britiske kystlinja fann dei 23 bind og 9 tamponapplikatorar per kilometer under ei opprydding i 2010. 

Bomull er ei svært vannkrevjande plante, og produksjonen av 1 kg bomull krev over 20 000 liter vatn. I ikkje-økologisk bomullsproduksjon vert det i tillegg brukt kjemiske plantevernmiddel, som øydelegg biologisk mangald og som potensielt kan forårsake dødeleg forgifting hos bomullsarbeidarar.

Ei kvinne bruker i gjennomsnitt 12 000 tampongar og bind i løpet av livet. Dette tilsvarer omtrent fire menskoppar. Dermed er det ingen tvil om at ein menskopp både er eit meir miljøvenleg og meir økonomisk alternativ!

Tips til vedlikehald
Steriliser menskoppen i kokande vatn mellom kvar mensperiode. Kok den i ca fem minutt i ein kjele med rikeleg med vatn så menskoppen ikkje kjem i kontakt med botnen av kjelen. Tilset gjerne ei lita teskei krystallsoda i kokevatnet for å unngå misfarging på menskoppen.

Emballasje
striik kjøper CleanCup direkte frå produsenten og mottok varene i ei pappøskje utan fyllmateriale. Menskoppen kjem i ein liten plastpose for å beskytte silikonen frå å tørke ut. Den igjen er pakka i ein bomullspose og ei lita pappøskje. Les pakningsvedlegget her.

Når du handlar hos striik, kan du vere trygg på at du mottek pakken din i 100% plastfri og resirkulerbar emballasje.

Produsent
Bak den norske merkevaren CleanCup står supertøffe Lene Elisabeth Eide. Ho fekk ideen til CleanCup i 2016 etter sjølv å ha brukt menskopp ei stund. CleanCup er driven av ynskjet om å gje norske jenter friheita og moglegheita til å leve uforstyrra under mensen, men samstundes bidra til å gje den same friheita til jenter andre stader i verda. Difor har CleanCup i dag eit prøveprosjekt med ein stor norsk hjelpeorganisasjon, der dei donerer ein menskopp per selde menskopp til ei jente i ein annan del av verda.