Refill børstehovud til oppvaskbørste i tre

Iris Hantverk

Pris 40,00 kr TILBOD

Refill til oppvaskbørste i tre, laga av bøk og hestetagl. Hestetagl er eit mjukt og skånsamt materiale som vaskar reint utan å lage riper. Hundre prosent plastfritt.
Vekt: 23 g
Høgd: 4 cm
Diameter: 6,5 cm

Tips til vedlikehald
Gre børstehovudet med ein gaffel i ny og ne. Då slepp du at håra tovar seg.
 

Emballasje
Iris Hantverk sender børstehovuda til striik samla i ein plastpose. Når du handlar med striik, kan du vere trygg på å motta pakken heilt utan plast.

Produsent
Iris Hantverk produserer handlaga kvalitetsbørster til alle føremål. Dei har tretten tilsette. Børstebinderiet på Sandsborgsvägen i Enskede (Sverige) er grunnlaget for drifta. Der jobbar fem synshemma handverkarar frå ulike kulturar. Dei lagar børster etter gamle handverkstradisjonar. Iris Hantverk samarbeider også med synshemma handverkarar i Estland. Børstehovudet er maskinprodusert.