Bolletrekk med bivoks, STORT, MEDIUM, LITE

Bolletrekk med bivoks, STORT, MEDIUM, LITE

The Edgy Moose Designs

Pris 110,00 kr TILBOD

Erstatt plastfolien med bolletrekk av bivoksbehandla bomull. Mørkeblått trykk. # storleikar.

Desse trekka er innsette med bivoks som er filtrert gjennom kolfilter. Dei pustar samstundes som dei held på fuktigheit, litt som naturens eigne innpakningar. Trekka held seg på plass rundt bollen ved hjelp av eit isydd strikk rundt kanten.

Dei bivoksbehandla bolletrekka passar best til fylgjande situasjonar:

- Lengre lagring av matrestar i kjøleskap.
- Tildekking av ost og andre mjølkeprodukt.
- Baking
- Tildekking av matvarer som oppkutta frukt og grønsaker.

Når trekka er strekte over over bollen har dei desse måla:

Lite: 16 cm i diameter
Medium: 21 cm i diameter.
Stort: 25 cm i diameter.

Tips til vedlikehald
Tørk med ein fuktig klut om du skulle få flekkar på trekket. Vask for hand i KALDT vatn med eit mildt, økologisk vaskemiddel. Legg til tørk, til dømes på oppvaskstativet.

Resirkulering
Fretex og Uff tek i mot tekstilar for materialgjenvinning. Hugs at tekstil aldri skal i restavfallet.

Emballasje
Sikkerheitsnål og merkelapp av papp. The Edgy Moose sender bolletrekka i ei pappkasse utan noko fyllstoff. Når du handlar med striik er du uansett trygg på å motta pakken i 100% plastfri og resirkulerbar emballasje.

Produsent
The Edgy Moose Designs er eit lite enkeltpersonføretak som held til i Britisk Colombia, Canada. Alle bolletrekka er trykte, sydde og voksa for hand av kreative og dyktige Rouve Hembling.