På grunn av sommarferie vert bestillingar som kjem inn i veke 26, 27 og 28 pakka og sende i løpet av veke 29. Takk for forståinga.
Abeego bivokspapir, VARIERT

Abeego bivokspapir, VARIERT

Abeego

Pris 195,00 kr TILBOD

Dette er den originale matinnpakninga med bivoks!

Abeego bivokspapir er økologisk bomull og hamp innsett med bivoks, harpiks og jojobaolje. Det er perfekt til å oppbevaring av ost, grønnsaker, frukt, brød, restar, nistemat og mykje meir.

I motsetning til plastfolie, gjev Abeego maten høve til å puste, noko som både betrar smaken og bremsar nedbryting, og dermed fører til mindre sløsing av mat. Den er formbar ved romtemperatur og stivnar ved avkjøling slik at den held forma viss du til dømes legg den i kjøleskapet.

Pakken inneheld eit lite, eit medium og eit stort ark.

Miljøgevinst
I 2015 var det 217 480 tonn matsvinn i dei norske privathushaldningane åleine. På verdsbasis kastar vi så mykje mat at det tilsvarer omtrent all persontransport til saman i CO2-utslepp (FNs klimapanel). Hadde matsvinn vore eit land, ville berre Kina og USA hatt større utslepp. Ved å oppbevare maten på rett måte, kan du vere med på å redusere matsvinnet i heimen din. Når du pakkar maten inn i Abeego i staden for plastfolie, held den seg lenger. I tillegg er du med på å redusere mengden plastavfall. Eg heier på deg!

Tips til vedlikehald
Vask bivokspapiret i kaldt vatn med litt miljøvenleg oppvasksåpe, eller ha nokre dråpar eddik i vaskevatnet. Dersom du har brukt papiret til ost, kan det vere lurt å la det ligge ei lita stund i eddikvatn før du vaskar over med ei mjuk oppvaskbørste, skyl og heng til tørk.

Dersom du bruker lunka eller varmt vatn, vil bivoksen smelte og verte vaska vekk. 

Når papiret tek til å tape seg, kan du fornye voksen på denne måten.

Resirkulering
Når bivokspapiret er utslite kan du levere det til materialgjenvinning på Fretex eller Uff. Hugs at tekstil er ein ressurs og ikkje skal i restavfallet.

Emballasje
Kartonginnpakning. 

Når du handlar hos striik, kan du vere trygg på at du mottek pakken din i 100% plastfri og resirkulerbar emballasje.

Produsent
Abeego er ei miljømedviten og berekraftig bedrift som held til i Britisk Colombia, Canada. Dei reddar bier ved å bidra til mindre matkasting, og dei bruker kun naturlege ingredienser. Dei har forplikta seg til ei zerowaste-linje, og lagar nyttige biprodukt av overskotsmaterialet. Abeego er først og fremst drive av menneskehender, så energiforbruket er minimalt. Til slutt må det seiast at Abeego er laga for å vare - dei garanterer minst eitt år ved riktig vedlikehald.